Han kjøpte stringtruse til kona for å skape ny romantikk i forholdet, og det var da kom gaven fra i fjor til sin rett…Haha!

Han Krestian var i beit for bursdagspresang til kjerringa, ho Jendine.
I fjor skrapa han i hop penga og reiv i en heklekrok.
– En heklekrok!!, din gniarpeis, freste ho Jendine, eg ha’kje hekla sia vi var nyforlova.
På handelshuset i kommunesenteret søkte han derfor i år hjelp borte på dameavdelinga.
– Om dem kunne tilrå nåkka som ville skape ny romantikk i samlivet.

– Kjøp ho ei stringtrusa, var rådet, og Krestian så gjorde, sjøl om han meinte det var ynkelig lite tekstila for pengan.
Gaven vart motteken med humring og takk den store dagen, men eitt problem var det då den skulle monterast. Ho Jendine hadde lagt seg en god del ut sidan forlovelsesdagane, og dei måtte vere begge to om å slite og strekke stroppane opp mot anstendig nivå. Brått sa det «svusj,» og heile presangen forsvant inn i edlere legemsdeler.

– Og da, sa han Krestian, da var det at heklekroken kom til sin rett… 😉

0 Shares